Yr får betre nedbørvarsel

90-minuttars nedbørvarsel på Yr blir endå meir treffsikre når Meteorologisk institutt og NRK i dag tar i bruk observasjonar frå private nedbørmålarar.

Yr får betre nedbørvarsel

90-minuttars nedbørvarsel på Yr blir endå meir treffsikre når Meteorologisk institutt og NRK i dag tar i bruk observasjonar frå private nedbørmålarar.

Privatpersonar sine vêrobservasjonar gir dermed verdi til Yr, og Yr gir verdi tilbake i form av meir presise nedbørvarsel.

Endringa på Yr skjer måndag 6. september og gjeld tenesta “Nedbørvarsel”, som i ein graf viser forventa nedbør for dei komande 90 minutta.

I tillegg til data som er samla inn av Meteorologisk institutt sitt radarnettverk, mottek Yr no nøyaktige målingar frå alle brukarane av Netatmo sine private nedbørstasjonar. Vêrvarsla for dei neste 90 minutta blir oppdaterte kvart femte minutt, og pronosane har ein detaljgrad på 1 x 1 kilometer. Dermed får Yr-brukarane i nordiske land tilgang til betre prognosar enn nokon gong.

– Nøyaktige målingar av vêret er viktige for å betre vêrvarsla våre. Netatmo sin høge tettleik av stasjonar let oss lage prognosar i nær sanntid som er meir nøyaktige for Yr-brukarar, seier Jørn Kristiansen, direktør for Senter for utvikling av varslingstjenesten ved Meteorologisk institutt.

Meteorologisk institutt og Netatmo har samarbeidd sidan 2018, og Yr kunne som den første vêrtenesta i verda ta i bruk private vêrobservasjonar til å forbetre temperaturvarsla i mars 2018.

Vêrtenesta Yr er eit samarbeid mellom NRK og Meteorologisk institutt.

Kilde: Yr får betre nedbørvarsel

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *