Klimaprofil Møre og Romsdal 2021

Utrag fra raporten om vårt område:

Anbefaler og lese heile raporten link er nederst.

Klimaprofilene gir for hvert fylke et kortfattet sammendrag av klima og forventede endringer i:
temperatur, nedbør og overvann, vindforhold, snøforhold, vannføring og flom, tørke, isgang, ulike
skredtyper, havnivå og stormflo. Et kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning        NCCS report no. 2/2021

Klimaendringane vil i Møre og Romsdal særleg føre til behov for tilpassing til kraftig nedbør og auka problem
med overvatn; endringar i flaumforhold og flaumstorleikar; jordskred og flaumskred, samt havnivåstiging og
stormflo.

1. Klimaet og klimaendringar i Møre og Romsdal
Det er store skilnader i klima mellom ulike delar av Møre og Romsdal. Nær kysten er klimaet mildt og nedbørrikt,
medan det i indre fjord- og dalstrok er innlandsklima og liten årsnedbør. Vinterstid er middeltemperaturen kring 0 °C
ved kysten, medan det er vesentleg lågare temperatur i høgfjellet og indre dalstrok. Vinterstid kan vêrsituasjonar
med føn-effekt gje særs høg temperatur i indre dalstrok; til dømes er det ved Tafjord og Sunndalsøra målt 18–19 °C
både i desember, januar og februar. Dei høgste temperaturane som er målt i Noreg frå oktober til februar er alle
observert i Møre og Romsdal. Årsnedbøren varierer i dagens klima frå under 1000 millimeter ytst på kysten og i
indre dalstrok, og til over 2500 millimeter i dei mest nedbørrike områda i midtre strok.

1.1 Temperatur

for året er for Møre og Romsdal berekna å auke med kring 4,0 °C. Auken er størst for
vinteren, våren og hausten (kring 4,0 °C) og minst for sommaren (kring 3,5 °C). Vekstsesongen er venta å auke
med 2–3 månader over store delar av fylket, og mest i ytre kyststrok. Vinterstid vil dagar med særs låge
temperaturar verta sjeldnare, medan det om sommaren vil førekome fleire dagar med middeltemperatur over 20
°C, og då særleg i dei midtre og indre fjord- og dalstroka.

Dersom ein kjenner middelverdiane for ein stad, kan figuren nyttast til å gje ein indikasjon på kor høge og låge årsverdiane for
temperatur og nedbør har vore i perioden 1900–2014, samt kva for verdiar ein kan vente mot slutten av dette
hundreåret. For einskilde stadar i Møre og Romsdal er desse middelverdiane for temperatur og nedbør:
• Ulsteinvik 6,9 °C / 2160 millimeter
• Volda 6,3 °C / 2105 millimeter
• Tafjord 7,1 °C / 1035 millimeter
• Ålesund 6,9 °C / 1435 millimeter
• Molde 6,9 °C / 1705 millimeter
• Kristiansund 6,8 °C / 1275 millimeter
• Aursjøen 0,8 °C / 685 millimeter
• Sunndalsøra 6,9 °C / 970 millimeter

1.2 Nedbør
Årsnedbøren i Møre og Romsdal er berekna å auke med kring 15 %. Nedbørendringa for dei fire årstidene er
berekna til:
• Vinter: +5 %
• Vår: +5 %
• Sommar: +20 %
• Haust: +15 %
Nedbørauken i millimeter vert størst for dei nedbørrike områda nær kysten. Det er venta at episodar med kraftig
nedbør aukar vesentleg både i intensitet og frekvens. Nedbørmengda for døgn med kraftig nedbør er venta å auke
med kring 15 %. Intensiteten i kortvarige regnskyll er venta å auke endå meir.
For å unngå auka skaderisiko som følgje av venta auke i kraftig nedbør tilrår ein å leggje eit klimapåslag på
dagens dimensjonerande nedbør henta frå IVF-kurver. Desse kurvene er tilgjengelege på klimaservicesenter.no.
Det er tidlegare tilrådd eit klimapåslag på minst 40 % på dimensjonerande nedbør på regnskyll som varar
under 3 timar. Denne tilrådinga kan framleis nyttast.

1.3 Vind
Klimamodellane gjev lita eller inga endring i midlare vindforhold i dette hundreåret, men det er stor uvisse i
framskrivingane for vind. Det viktige for kommunar er at kunnskap om lokale vindforhold vert teke med i
planlegginga.

1.4 Snø
Det er venta vesentleg reduksjon i snømengdene og i talet på dagar med snø i lågareliggande område nær kysten
der dagens vintertemperatur ligg kring 0 °C. I desse kystområda kan det verte lite eller ingen snø i mange år, sjølv
om det einskilde år framleis vil vere vesentlege snøfall. Det vil verte fleire smelteepisodar om vinteren som følgje
av auka temperatur.
Høgareliggande fjellområde kan få aukande snømengder fram mot midten av hundreåret. Etter det ventar ein at
auken i temperatur vil føre til mindre snømengder også i desse områda mot slutten av hundreåret.

2. Overvatn
Dei største skadane på busetnad og infrastruktur oppstår gjerne i samband med overvatn. Overvatn skuldast
mykje regn på kort tid som gjev stor avrenning på tette flater utan at det treng å bli flaum i bekkar og elvar.
Overvatn er, i denne samanheng, overflateavrenning som følgje av nedbør eller smeltevatn.
Episodar med kraftig nedbør er venta å auke vesentleg både i intensitet og førekomst, og dette vil stille større
krav til handtering av overvatn i utbygde strok i framtida. Tette flatar som asfalterte vegar, parkeringsplassar og
store takflater gjev raskare avrenning enn naturlege flatar, og kan føre til auka fare for flaum i bekkar og vassdrag
dersom vatnet vert leidd for raskt ut i vassdraga. Klimaendringane krev overvasstiltak som bidreg til at overvatn
ikkje vert leidd til leidningsnettet. Hugs på at når avrenninga aukar, aukar også farten på vatnet slik at
erosjonsfaren vert større.
Klimapåslaget for overvatn er det same som klimapåslaget for nedbør. Det avheng av varigheit og
dimensjonerande gjentaksintervall. Det er viktig å ta omsyn til overvatn tidleg i arealplanlegginga, då vatnet må
sikrast nok plass. Klimaendringane gjer at flaumvegar skal kunne tole meir vatn, og vedlikehald av
overvassanlegg må verte endra, anten i form av hyppigare vedlikehald eller andre tiltak.

3. Effekt på hydrologi
Gradvis reduserte snømengder vil gje gradvis mindre snøsmelteflaumar, medan regnflaumane er venta å verte
større. Auka frekvens av lokal, intens nedbør gjev ei sannsynleg auke for flaum i tettbygde strok og små, bratte
vassdrag. Ein må vere spesielt merksam på at mindre bekkar og elver kan finne nye flaumvegar. Flaumfare i eit
endra klima skal det takast omsyn til ifølgje Byggteknisk forskrift (TEK17) [7].

3.1 Flaum og vassføring
Dagens forhold
Møre og Romsdal er kjenneteikna av svært ulike vassdrag. Fylket har fleire store vassdrag, men óg små
nedbørfelt med bratte elvar. Dei tre største vassdraga er Driva (2484 kvadratkilometer), Rauma (1202
kvadratkilometer) og Surna (1200 kvadratkilometer). Rauma har eit typisk vårflaumregime, der årets største flaum
oftast kjem i mai (22 %) eller juni (56 %). Rauma har liten vassføring om hausten, men store regnflaumar med
skadepotensiale kan førekome. Driva har både vår- og sommarflaumar med årets største flaum i juni (25 %) eller
juli (57 %). Dei aller største flaumane i Driva er sommarflaumar som følgje av kraftig regnvér, enkelte gongar
kombinert med snøsmelting. Svært sjeldan førekjem store flaumar om vinteren. Meir enn 70 % av både Driva og
Raumavassdraga er dekka av snaufjell. Både Driva, Surna og Rauma er regulerte. Rauma er minst regulert av dei
tre. Regulering reduserer ofte vassføringa i flaumsituasjonar.
Møre og Romsdal har relativt spreidd busetnad (16 personar per kvadratkilometer), men 70% av innbyggjarane
bur i tettstader. Dei indre delane av fylket er stort sett fjellområde og svært tynt busett. Flaumskadane i fylket kan
likevel bli store i folkesette område – både på busetnad, infrastruktur og jordbruksområde. I tillegg til sjølve
overfløyminga, er det ofte erosjon og utgravingar som gjer stor skade. Av nyare dato er pinseflaumen i juni 2011,
som råka Drivdalen kraftig. I Driva ved Elverhøy bru kulminerte vassføringa på det høgste nivået som er observert
sidan målingane starta i 1907. Også ved målestasjonane Risefoss og Svoni var vassføringa blant dei største som
er observert. I Sunndal vart nokre innbyggjarar evakuerte, og sikringstiltak og flaumverk blei skada. Pinseflaumen
var eit resultat av store nedbørmengder samstundes som høg temperatur førte til kraftig snøsmelting i fjellet. I
august 2003 var det ein regnflaum i Driva, kor dei største skadane oppstod i sideelvene, og aller mest i dei øvre
delane av vassdraget. Det var òg store flaumar i august og september 2004 med skadar på bygningar,
infrastruktur (vegar, grøfter, vassinntrenging i hus) og dyrka mark i bl.a. Ørsta og Vanylven.

Observerte endringar
Basert på utvalde målestasjonar er det berekna at vassføringa i Møre og Romsdal i perioden 1985–2014 var litt
større enn i perioden 1971–2000. Størst auke har det vore om våren, og størst reduksjon om hausten. Om
vinteren og sommaren har vassføringa vore nær uendra.

Framtidige endringar
I Møre og Romsdal ventar ein noko auke i gjennomsnittleg årleg vassføring, medan dei største endringane er
venta innanfor året for dei einskilde årstidene. Auka temperatur vil også påverke vassføringa gjennom året fordi
den påverkar både snøakkumulasjon, snøsmelting og fordamping. Om vinteren er det venta auka vassføring fordi
nedbøren aukar og meir nedbør kjem som regn i staden for snø. Om våren er det venta auka vassføring i fjellet,
men redusert vassføring i låglandet fordi snøen i fjellet smeltar tidlegare og snøsmeltinga til dels er ferdig i
låglandet. Om sommaren er det venta auka nedbør, men det er likevel venta redusert vassføring fordi det
fordampar meir, og fordi snøsmeltinga er ferdig i fjellet. Om hausten er det venta auka vassføring fordi nedbøren
aukar og meir nedbør kjem som regn i staden for snø.

Berekningane viser at også dei ekstreme vassføringane vil endre seg (Figur 2). Klimaendringar i form av
kraftigare nedbørepisodar, høgare temperatur og meir nedbør som regn er venta å endre flaumregimet i Møre og
Romsdal slik:
• Snøsmelteflaumane vil kome stadig tidlegare på året og verte mindre mot slutten av hundreåret.
• Nedbøren er venta å auke. I uregulerte vassdrag som i dag har store regnflaumar og i kystnære elver der
årets største flaum i dag er ein regnflaum, er det venta auka flaumstorleik. Ved gjennomføring av
flaumberekningar og framstilling av flaumsonekart, bør ein rekne med 20 % eller 40 % auking i
vassføringa avhengig av plassering og flaumsesong.
• I små, bratte nedbørfelt som reagerer raskt på kraftig regn, og i tettbygde strok vil meir kraftig, lokal nedbør
skape særlege problem. Også i mindre bekkar og elver må ein vente minst 20 % auke i flaumvassføringa.
Ein må vere spesielt merksam på at mindre elver kan finne nye flaumvegar.
Tilrådd klimapåslag på flaumvassføring er 20 % eller 40 % for alle nedbørfelt i Møre og Romsdal, avhengig av
plassering og flaumsesong.

3.2 Tørke
Sjølv om sommarnedbøren i Møre og Romsdal er venta å auke, vil snøsmeltinga gå føre seg tidlegare og
fordampinga auke både om våren og sommaren. Dermed er det sannsynleg at ein kan få noko lengre periodar
med lita vassføring i elvene om sommaren og lengre periodar med låg grunnvasstand og større underskot i
markvatnet. Dette medfører noko auka sannsyn for skogbrann mot slutten av hundreåret, og kan også gje eit
auka behov for jordbruksvatning og utfordringar for settefiskanlegg.

3.3 Isgang
Klimaendringar med høgare temperatur gjev kortare periodar med is, og mindre og tidlegare vårisgangar.
Vinterisgangar med skader er ikkje uvanleg i Møre og Romsdal, til dømes i Surna og Ørskogelva. Ved mildvêr og
store nedbørmengder som regn, går det i dag vinterisgangar i ei sone litt inn frå kysten. Denne sona vil gradvis
flyttast lenger inn i landet og til større høgder over havet. Utover i dette hundreåret er det venta at vinterisgangar
vil skje hyppigare og høgare opp i vassdraga enn i dag, og også i andre vassdrag enn det som tidlegare har vore
vanleg. Elver nær kysten vert nesten isfrie.

5. Havnivå, stormflo og bølgjepåverknad
Havnivåstiginga kan føre til at stormflo og bølgjer strekkjer seg lengre inn på land enn det som er tilfelle i dag.
Dette kan føre til skadar på busetnad og infrastruktur på grunn av overfløyming av område der ein i dag ikkje har
registrert skadar. Det er ikkje venta vesentleg endring i bølgjeforholda, men som for vind er uvissa stor.
I veilederen «Havnivåstigning og stormflo» [16] er det gjeve tal for ulike returnivå for stormflo og havnivåstiging
med klimapåslag for alle kystkommunar i Møre og Romsdal. I berekningane er det teke omsyn til venta
landheving.
Tilrådd klimapåslag for berekning av stormflonivå er 57–77 centimeter for Møre og Romsdal (avhengig av
kommune).

Som sagt, dette er kun eit utdrag,,, les heile raporten. link under h

Takk til met.no for publikasjon.

Du kan se/lese hele raporten her:

https://www.met.no/kss/_/attachment/download/ca5f4425-e692-406f-aa26-d0745f618da9:4ac43e586f97d63ad5aa635b901e95b24eba2517/bok-klimaprofiler-norge-endelig-lavopploselig.pdf

 

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *